Ordbøkene skal spegle språket – ikkje døgnfluene
Kommunikasjon og klart språk
Kva slags ord fortener eigentleg plass i ei norsk ordbok? Og kva blir ståande att utanfor? Då Margunn Rauset frå Universitetet i Bergen tok publikum med inn i arbeidet bak ordbøkene.no, blei det tydeleg at ordbokredigering handlar om langt meir enn å registrere ord. Det handlar også om normering, språkpolitikk, bruksmønster og om å ta vare på det norske språket over tid.
















































