En stolt prisvinner Jenny Følling (SP), ordførar i Sunnfjord kommune holder takketale. Foto: Skjermdump fra overrekkelsen.
En stolt prisvinner Jenny Følling (SP), ordførar i Sunnfjord kommune holder takketale. Foto: Skjermdump fra overrekkelsen.

Moden forståing av klarspråk

Sunnfjord kommune fikk prisen for kommuner og fylkeskommuner.

Juryens begrunnelse:

"Årets prisvinnar er ein ung og «ny» kommune som vart til i 2020, da fire kommunar slo seg saman. Kommunen såg tidleg at språkarbeid var ein måte å byggje ei ny og god verksemd på. Juryen meiner at kommunen har tenkt riktig og handla klokt.

Arbeidet er forankra godt internt: Kommunen har ei særskild klarspråksgruppe som rapporterer til kommunedirektøren. Klarspråk er sett i samanheng med strategiar for digitalisering og kommunikasjon. Kommunen gjennomfører og tek lærdom av brukarundersøkingar både internt og eksternt.

Fleirspråklegheit er eit tema i kommunen. Mellom anna ligg det ute informasjonsvideoar som er teksta på ti språk, inkludert nynorsk og bokmål.

Juryen meiner at prisvinnaren viser ei god og moden forståing av klarspråk. Juryen legg særleg merke til at kommunen handsamar språk og annan kommunikasjon som eit demokratiprosjekt. Godt språk er ein del av demokratiet, og dei tilsette veit at det er ein demokratisk rett for innbyggjarane å forstå informasjon frå kommunen.

Klarspråksprisen for kommunar og fylkeskommunar går til Sunnfjord kommune."

– Det er sjølvsagt stor stas å få denne prisen. Dette gir oss god motivasjon i vidare arbeid. Denne standarden som no er sett, den må vi halde framover. Dette er arbeid som vi aldri blir ferdige med, så det å ha med seg denne inspirasjonen er veldig verdifullt, seier kommunedirektør Terje Heggheim i Sunnfjord kommune.

Tverrfagleg samarbeid

Miljødirektoratet fikk prisen for statlige virksomheter.

Juryens begrunnelse:

"Årets prisvinnar har arbeid grundig og ordentleg. Arbeidet er forankra i leiinga, og det er sett av ressursar til ein ekstern samarbeidspartner som hjelper til med språkarbeidet. Dette er ei verksemd som har det meste i orden, og som er eit førebilde for andre. Verksemda seier sjølv at det skal satsast meir på nynorsk framover, noko juryen stiller seg bak.

Det tverrfaglege samarbeidet mellom juristar, arkivarar og kommunikasjonsmedarbeidarar har vore avgjerande for resultata. Mellom anna har juristane i språkteamet utvikla eit obligatorisk kurs i å skrive vurderingar, og slik ser ein at verksemda kan kunsten å sameine komplisert juridisk språk og god formidling.

Måten verksemda involverer brukarane på, veg tungt i vurderinga til juryen. Verksemda gjennomfører brukarundersøkingar systematisk. Brukarane får så presise spørsmål at verksemda finn ut akkurat kvar skoen trykker – og det som ikkje fungerer, blir retta opp.

Prisvinnaren viser at systematisk arbeid med klarspråk gir gode resultat, til beste for samfunnet og innbyggjarane: deg og meg.

Klarspråksprisen for staten går til Miljødirektoratet."

– Det er utruleg gøy å få anerkjenning for alt arbeidet som er lagt ned dei siste åra. Denne prisen går til mange i Miljødirektoratet – han går til saksbehandlarar, juristar, leiarar, arkivarar og kommunikasjonsrådgivarar. Klart språk er effektiviserande, både for oss internt og for mottakarane, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Fleire sterke kandidatar

Juryen skriver:

"Juryen ynskjer å gje heiderleg omtale til Tønsberg kommune, som har gjort eit systematisk og særs grundig arbeid. Juryen ser gjerne denne kommunen blant dei nominerte også neste år."

Og:

"Juryen vil gje heiderleg omtale til Statens sivilrettsforvaltning, som har arbeidd særleg godt med å formidle krevjande tema til sårbare målgrupper. Juryen oppmodar denne verksemda om å nominere seg igjen neste år."

Om klarspråkprisane

Klarspråksprisane går til statsorgan og kommunar som gjer eit langsiktig og systematisk klarspråksarbeid. Prisane er forvaltningsprisar og blir delte ut av Kommunal- og distriktsdepartementet.

Les mer.

Kilde: sprakradet.no

Kilder: digdir.no, ks.no, sprakradet.no