Digitalt sårbare treng ofte hjelp frå pårørande eller andre.​ I ein ny rapport frå Sintef levert på oppdrag frå Nav, kjem det fram at byråkratisk kompetanse er eit større hinder enn digital kompetanse. Men alder, dårleg økonomi, låg norskkunnskap, låg tilknyting til arbeidslivet eller nedsett funksjonsevne kan gjere at du fell utanfor digitalt.​

Så kva skjer når kvardagen er stadig meir digital? Vi les nyheiter på nett, betalar rekningar i nettbank, bestiller e-reseptar, loggar oss på jobb og undervisning er ofte digital. Fleire enn du trur heng ikkje med, og digitalt utanforskap er eit stadig større problem. Skapar vi eit klassedelt samfunn?

Les mer.

Kilde: uutilsynet.no