Mange opplever at digitale løysingar for innlogging, søknader og dialog med det offentlege, netthandel og timebestillingar er vanskelege eller umoglege å bruke. Noreg har eit lovverk som skal hindre digitalt utanforskap. Dersom du opplever diskriminering, kan du klage til Diskrimineringsnemnda som gjer vedtak etter likestillings- og diskrimineringslova. Tilsynet si rolle i slike saker er å gi ikt-fagleg uttale i kvar enkelt sak. Dei utfører testar av ikt-løysingane det er sett fram klage på, og held resultatet opp mot krav i regelverket for universell utforming av ikt.

Les mer.

Kilde: uutilsynet.no