– Dette har vi verkeleg sett fram til å få i gang, seier Nina Myklebust, fungerande leiar i Senteret for eit aldersvennleg Noreg.
– Vi er svært nøgde med å ha fått med oss desse tre kommunane på Sunnmøre i utprøving av nye måtar å få fleire eldre meir digitale.
Nina fortel at med bidrag gjennom desse pilotane, i tillegg til dei tiltaka som alt er i gang i kommunane, er ønskje å vekkje interesse både hos dei som ønskjer å bli betre til å bruke smarttelefon og datamaskin, og dei som enno ikkje har kasta seg ut i det digitale livet.
– Det er aldri for seint!
Kilde: aldersvennlig.no
