Pressemelding fra regjeringen | Dato: 21.04.2023


 

Strategien skal mellom anna stake ut kursen for vidare digitalisering av offentleg sektor, legge betre til rette for næringsretta digitalisering og ta opp viktige samfunnsspørsmål, som behov for betre regulering av nye teknologiar – til dømes kunstig intelligens - og forholdet til tech-gigantene. Målet er sterkare samordning og utvikling av ein heilskapleg politikk som går på tvers av offentleg og privat sektor.

–  Vi lever i ei verd der den teknologiske utviklinga skjer i rekordfart. Det ser vi særleg knytt til bruken av kunstig intelligens. Denne teknologien har potensial for å løyse samfunnsutfordringar og auke velferda. Samtidig fører utviklinga med seg store utfordringar. I den nasjonale digitaliseringsstrategien vil vi derfor sjå på bruken av denne og andre teknologiar som vil påverke samfunnet vårt framover, seier statsminister Jonas Gahr Støre.

Sist Noreg fekk ein heilskapleg omtale av digitaliseringspolitikken var i stortingsmeldinga «Digital Agenda for Norge» i 2016. Teknologiutviklinga har skutt fart dei siste åra og det er behov for at politikkutviklinga hengjar med.

Klimautfordringar, krig i Europa og knappheit på arbeidskraft krev meir effektiv bruk av ressursane. I denne nye verkelegheita spelar digitalisering ei avgjerande rolle.

– Digitalisering kan óg bidra til at folk framleis kan bu og drive næring i heile landet. I den nye nasjonale strategien vil vi ha ein digitaliseringspolitikk med tydelege prioriteringar der vi legg til rette for å utnytte moglegheitene digitalisering gir for grøn omstilling og vekst, seier Gjelsvik.

Aktuelle tema i strategien er digital infrastruktur, politikk for personvern, digital tryggleik og beredskap, verdiskaping med data, tilgang på digital kompetanse, behov for forsking på digitalisering, tiltak for næringsretta digitalisering, nye teknlogireguleringar frå EU  og auka inkludering i det digitale samfunnet.

Kommunal- og distriktsdepartementet vil koordinere arbeidet med strategien. Departementet vil involvere aktuelle aktørar i arbeids- og næringslivet, statlege etatar, kommunar og interesseorganisasjonar i arbeidet med strategien.

Den nasjonale digitaliseringsstrategien skal etter planen vere klar i løpet av første halvår 2024.