– Regjeringa ønskjer å innføre KI-forordninga i norsk lov og sikre like rammevilkår for norske verksemder som dei europeiske Derfor er det positivt at norske verksemder får hjelp til å finne ut kva for krav som gjeld for KI-systemet dei vil utvikle eller ta i bruk. Eg oppmodar alle interesserte til å gå gjennom utkastet til retningslinjene og vurdere om det trengst meir eller tydelegare informasjon, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap).
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har tidlegare gitt innspel til EU sitt KI-kontor om at retningslinjene er utfyllande og praktiske.
Artikkelen fortsetter etter annonsen:
Service- og tjenestekonferansen 2026 - spor B, 05.11.: KI i skrivarbeidet: Øv på å skrive klart i digitale tekster (kurs)
Kva inneheld retningslinjene?
Utkastet til retningslinjer er på over 160 sider til saman. Denne samlesida med oppsummering og praktiske eksempel gir ei pedagogisk sjekkliste for å vurdere om KI-systemet er høgrisiko. I tillegg er det gitt mange praktiske eksempel på dei to gruppene av høgrisikosystem:
- KI-system som er eit produkt i seg sjølv eller ein sikkerheitskomponent i eit fysisk produkt som lista opp i vedlegg I til KI-forordninga High-risk AI in regulated products | AI Act Service Desk
- KI-system som er meint til å bli brukt innanfor åtte kritiske bruksområde, som lista opp i vedlegg III til KI-forordninga High-risk use cases in certain sensitive areas | AI Act Service Desk
- Biometri
- Kritisk infrastruktur
- Utdanning og yrkesretta opplæring
- Arbeidsliv
- Tilgang til og utnytting av vesentlege private tenester og vesentlege offentlege tenester og ytingar
- Rettshandheving
- Migrasjons-, asyl- og grensekontrollforvaltning
- Rettspleie og demokratiske prosessar
Korleis kan du gje innspel til utkastet til retningslinjer?
Digitaliserings- og forvaltningsepartmentet oppmodar alle interesserte til å gje tilbakemelding på utkastet til retningslinjer. Du kan velje dei områda du er mest interessert i og særleg leggje vekt på om det er behov for å:
- Avklare eller utdjupe enkelte kapittel eller avsnitt for å kunne ta i bruk retningslinjene
- Leggje til eller fjerne eksempel
Fristen for å gje innspel direkte til kommisjonen er 23. juni 2026.
Om reglanen for KI-system
Reglane om KI-system med høg risiko vil gjelde i EU frå 2. august 2028 for den første gruppa og frå 2. desember 2027 for den andre gruppa med KI-system. Dette vart bestemt då institusjonane i EU vart einige om å forenkle KI-forordninga 7. mai i år. Målet med utsettinga er å få på plass harmoniserte standardar og anna støtte til verksemdene før reglane trer i kraft.
I Noreg vil reglane om høgrisiko først gjelde etter at lov om kunstig intelligens er vedtatt av Stortinget. Regjeringa sendte eit lovforslag på høyring i fjor sommar, sjå høyringsnotatet og høyringssvara på https://www.regjeringen.no. No arbeider departementet med å førebu ein lovproposisjon til Stortinget. Når endringane i omnibus er kunngjort, vil dei bli sendt på høyring.
Målet er at norske reglar skal kunne tre i kraft så raskt som mogleg etter at KI-forordninga med dei vedtatte endringane er tatt inn i EØS-avtalen.
Kilde: regjeringen.no


