– Vi får jamt og trutt klapp på skuldra for det som skjer i og rundt sandkassa. Det er likevel godt å få stadfesta at det vi driv med er nyttig, at vi har godt driv og god retning. Og det er ekstra stas når den stadfestinga kjem frå nokon som ikkje berre prøver å vere hyggelege, men har gått oss grundig etter i saumane, seier Datatilsynets direktør Line Coll.

Rapporten gir også nokre konkrete tips til korleis sandkassa kanskje kan få endå meir personvernvenleg KI for pengane. Det er til dømes tips om prioriteringar og om målgrupper vi bør spisse oss inn mot.

– Desse råda er nyttige, og vi har tatt dei med oss inn i arbeidet med å rigge sandkassa som eit permanent tilbod til vegleiing integrert i resten av Datatilsynets organisasjon, seier Coll.

Les mer.

Kilde: datatilsynet.no