Pressemelding | Dato: 28.02.2023

- I Noreg er vi komme langt når det gjeld å ta i bruk kunstig intelligens i offentleg sektor. Det viser kartegginga som Digitaliseringsdirektoratet publiserer i dag, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Oversikta gjer det enklare å orientere seg i offentleg sektors bruk av kunstig intelligens (KI). Meir enn 130 prosjekt er dokumentert i oversikta så langt, og stadig fleire kjem til etter kvart som lista blir bygd ut.

– Dette har vore ei etterspurt oversikt som vil gjere det  lettare å samarbeide på tvers av offentleg sektor. Vi trur den vil bidra til betre og meir effektive løysningar. I tillegg bidreg ei samla oversikt til ein meir åpen offentleg forvaltning om bruk av kunstig intelligens, seier seniorrådgjevar Jens Osberg i Digdir.

Datatilsynet sitt arbeid med ansvarleg bruk av kunstig intelligens er ein av dei tinga regjeringa har prioritert å føre vidare i eit år med stramme budsjett.

-Det er både moglegheiter og utfordringar knytt til kunstig intelligens. Derfor er det viktig at vi får sjå dei gode eksempla som viser korleis kunstig intelligens kan bidra til betre løysingar for brukarane og det offentlege, seier Gjelsvik.

Helsesektoren representerar rundt 40 prosent av KI-prosjekta i oversikta, og Helse Vest saman med Helse Øst står for dei fleste av desse. KI-prosjekt innanfor infrastruktur, offentleg forvaltning og kommunar er óg godt representert.

– Det er enormt givande å sjå alle dei unike områda der den norske staten brukar kunstig intelligens, sier Alex Moltzau, ansvarleg for politikk og etikk ved NORA.ai (Norwegian Artificial Intelligence Research Consortium).

Oversikta er basert på frivillig deltaking frå prosjekta, og er ikkje ein komplett liste over alle KI-prosjekta i det offentlige Noreg. Lista byggjast ut fortløpande, etter kvart som dei blir meldt inn.

Oversikta er tilgjengeleg her.

Kilde: regjeringen.no