Nyheit frå regjeringa | Dato: 11.09.2025


 

– Målet er å tilby kvalitetssikra og trygge digitale helseråd til alle, og sikre at norske tilrådingar og lovverk ligg til grunn for KI-tenesten. Dette markerer eit viktig steg vidare i arbeidet med å styrke satsing på teknologi i dei norske helsetenestene, fortel helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

 

Bakgrunnen for regjeringa sitt initiativ er at norske innbyggarar i aukande grad tar i bruk KI for å finne fram til informasjon, også når det gjeld helse. Særleg gjeld dette unge personar, der sju av ti i alderen 16–24 har brukt KI-verktøy dei siste tre månadane.

 

KI-teneste med norsk innhald

Internasjonale språkmodeller som Open AIs ChatGPT har gjort det vanleg å stille spørsmål om alt frå angst og søvnvanskar til fysiske symptom. Samtidig kan slike globale tenester gi råd som ikkje er tilpassa norske forhold eller kontekst.

 

– Nettopp derfor er det viktig at vi får ei slik teneste opp og stå raskt. Dette kan vere din digitale helserådgivar, som er tilgjengeleg 24 timar i døgnet, som er tilpassa deg. Tenesta skal sjølvsagt ikkje erstatte eit nødvendig besøk hjå helsetenestene, men kan vere eit nyttig supplement, slik at du kan få gode råd om kva du skal gjere og når du skal oppsøke legevakta eller fastlegen, fortel Vestre.

 

Regjeringa ser for seg at den nye KI-tenesta blir tilgjengeleg som del av Helsenorge, som er den offentlege nettstaden for helseinformasjon og tilgang til helsetenester.


Annonse:

Service- og tjenestekonferansen 2025 - spor F, 07.11: Kommunikasjon og klart språk i endring med KI

Joachim Tallaksen video annonse.jpeg


 

Tryggleik og kvalitet først

Det er sentralt for regjeringa at ei slik teneste varetar tryggleik og personvern. Helsedirektoratet fekk nyleg i oppdrag å kartlegge dei juridiske og etiske problemstillingane.

 

Løysinga skal utviklast trinnvis, etter same prinsipp som digitaliseringsstrategien for helsetenestene, der prøving, feiling og læring i tett samarbeid med brukere og personell står sentralt.

 

Målet er å minimere risikoen for feil og sørge for at norske innbyggarar får rett og påliteleg informasjon, uavhengig av når og kvar dei spør.

 

KI sitt potensiale innan helse

Dette arbeidet er ei oppfølging av allmennlegemeldinga og den nye digitaliseringsstrategien for helse, der regjeringa peiker på potensialet innan KI for å hjelpe folk å meistre eiga helse.

 

Arbeidet skjer i tråd med EU si KI-forordning, som skal innførast i norsk rett frå neste sommar.

 

– ­Og som alltid skal alle gode krefter i helse-Noreg – som Legeforeningen, DigiUng sitt ungdomspanel, fagmiljø og brukarrepresentantar – få kome med innspel til arbeidet, fortel Vestre.

 

Kilde: regjeringen.no