Frå 1. oktober 2025 tek Noreg plass i styringskomiteen for Open Government Partnership (OGP) for ein treårsperiode. Første møte blir under OGP sitt globale toppmøte i Spania 7.–9. oktober, der statssekretær Anette Davidsen deltek.
OGP er eit globalt initiativ som fremjar openheit i forvaltninga gjennom tett samarbeid mellom styresmakter og sivilsamfunn.
Noreg var med på å etablere OGP i 2011, saman med Brasil, Indonesia, Mexico, Filippinane, Sør-Afrika, Storbritannia og USA. Sidan den gong har partnarskapet vakse til 75 medlemsland.
Noreg er ein aktiv deltakar og har utarbeidd fem nasjonale handlingsplanar for openheit og godt styresett i samarbeid med sivilsamfunnet. Planane har mellom anna inkludert tiltak for enklare tilgang til offentlege dokument, digital inkludering og meir strategisk arbeid mot korrupsjon.
Medlemskapet i styringskomiteen gir Noreg høve til å bidra til vidare utvikling av OGP og styrkje arbeidet for openheit og medverknad globalt. I tillegg til Noreg går Armenia, Den dominikanske republikk og Transparency International inn i komiteen.
I styringskomiteen er Noreg representert ved politisk leiing i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD), statssekretær Anette Davidsen, og på embetsnivå ved Avdeling for forvaltningsutvikling (AFU) i DFD.
Les meir: