Pressemelding fra regjeringen | Dato: 26.06.2024


 

Kommunane Lebesby, Tokke, Nore og Uvdal, Ulstein, Meløy, Øygarden, Værøy (inkl. Røst, Flakstad og Moskenes), Gamvik og Vanylven er valt ut til å delta i det treårige prosjektet pilot nærtenestesenter.

– Målet med desse pilotane er å gjere statlege publikumstenester meir tilgjengelege i heile Noreg. Å ta teoriprøva til førarkort, få seg pass, eller ordne det naudsynte når ein kjem frå utlandet til Noreg for å jobbe, er dømer på kor det framleis er mange som må reise langt for å møte staten, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande. 

Regjeringa har allereie bestemt at det skal opnast 15 nye passkontor ulike stader i landet, for dei som har særleg lang reiseveg eller der det er kapasitetsutfordringar.

– Dei nye passkontora har styrka passtilbodet i Distrikts-Noreg, no skal vi og sikre betre tilgang til mellom anna Skatteetaten, Statens vegvesen og politiet, uttalar kommunal- og distriktsministeren.

Dei siste åra har fleire tenester blitt digitalisert. Det gir befolkninga tilgang til offentlege tenester frå sin eigen heim, uavhengig av kor i landet dei bur. Å bruke digitale løysingar kan likevel vere utfordrande for mange innbyggjarar. I samarbeid med dei statlege etatane skal kommunane difor òg bidra til at innbyggjarane blir endå betre til å bruke digitale tenester.

– Skal vi lykkast med digitaliseringa, må vi ha alle med. Arbeidet mot digitalt utanforskap er derfor heilt avgjerande og eg er glad for at sentra også skal teste ulike måtar å styrke den digitale kompetansen på, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung. - Det handlar både om grunnleggjande digital kompetanse og om å kunne bruke dei digitale tenestene frå for eksempel Skatteetaten og NAV.

KDD sin pressetelefon: 22 24 25 00

DFD sin pressetelefon: 22 24 20 00

Kilde: regjeringen.no