Eitt skrankepunkt – fleire tenester
– Vi ønskjer å tenkje nytt om korleis vi gir folk tilgang til tenester, sa Kenneth Sangolt innleiingsvis.
Øygarden er éin av ni kommunar som deltek i pilotprosjektet Nærtenestesenter, med mål om å styrkje kontaktpunktet mellom innbyggarar og statlege etatar. Gjennom samlokalisering av bibliotek og innbyggartorg, ønskjer kommunen å tilby éi felles skranke for både kommunale og statlege tenester.
– Dette er store omveltningar. Det handlar ikkje berre om å ta imot telefonar, men om å vere ein del av den heilskaplege omsorgstenesta, forklarte Sangolt.
Heimebesøk som gir milliongevinst
Eit av dei mest nyskapande elementa i prosjektet er tilbodet om heimebesøk til eldre og udigitale innbyggarar.
– Klarer vi å forlenge tida dei kan bu heime med eitt år, så snakkar vi om ein million i spart kommuneøkonomi, sa Sangolt.
Mona Hovland Jakobsen frå politiet var nysgjerrig:
– Forstår eg det rett, at de reiser heim til folk og hjelper dei med digitale tenester?
– Ja, svarte Sangolt. – Det er akkurat det vi vil gjere. Vi har allereie byrja å teste ut dette, og håper på juridisk avklaring om kva vi har lov til å tilby heime.
Annonse:
Samarbeid på tvers – men ikkje friksjonsfritt
Samarbeid med heimetenesta er ein nøkkel i prosjektet, men ikkje utan utfordringar.
– Helse er positive og spør korleis deira digitale tilsette kan jobbe saman med oss. Biblioteket er meir skeptisk, sa Sangolt.
Anna Holm Vågsland frå KS stilte spørsmål:
– Reiser de saman med heimetenesta, og samarbeider de i praksis?
– Det er noko vi prøver å få til. Men vi må vere varsame med å leggje for mykje på ei teneste som allereie er pressa, svarte han.
Finansiering: Kven skal betale for fellesskranken?
Styret tok opp eit sentralt spørsmål: Kven skal betale for at kommunale skrankar òg gir hjelp med statlege og private tenester?
Torgeir Endre Torgersen frå Skatteetaten sa det rett ut:
– Me har lagt ned våre skrankar og flyt no på kommunen si tilgjenge. Men når kommuneøkonomien slit, korleis kan vi sikre denne typen tenestetilbod?
Eva Hille frå Bergen kommune foreslo ein modell der ulike aktørar spleisar på tenestene:
– Kan ikkje Norwegian, Skatteetaten og bankane vere med å betale, dersom dei får hjelpa si levert over kommunal skranke?
Frå postbud til omsorgsarbeidar?
Samarbeid med Posten blei òg diskutert. Anna Holm Vågsland fortalde om ein modell der postbodet leverer informasjon og samtidig får i oppdrag å sjå etter innbyggarar i sårbare situasjonar. – Berre det å bli sett kan vere avgjerande for livskvaliteten, sa ho.
– Det er ein spennande tanke, sa Sangolt. – Det handlar om å utvide forståinga av kven som kan vere ein del av omsorgssystemet.
Frivillige og bankar – nye samarbeidspartnarar?
Deltakarane delte erfaringar med samarbeid med bankar og frivillige. Astrid Elisabeth Jørgensborg spurde:
– Mange mister BankID og dermed tilgangen til både det offentlege og det private. Har de vore i kontakt med Finans Norge?
– Ja, svarte Sangolt. – Dei er interesserte i prosjektet vårt. Vi trur det ligg mykje potensial i slike samarbeid.
Ulike kommunar – felles behov
Diskusjonen dreia òg inn på forskjellane mellom store og små kommunar. Mona Hovland Jakobsen sa:
– Nokre kommunar har ikkje hatt noko tilbod på årevis. Då er eit nærtenestesenter i lokalbutikken ein god modell.
Sangolt nikka:
– Vi har ikkje slike butikkar i Øygarden, men teknologien finst. Og behovet er likt.
Brukarens behov i sentrum
Mot slutten blei det løfta fram at sjølv om strukturane er ulike, er brukarbehova ofte dei same.
– Eit brukarbehov er eit brukarbehov, sa Torgeir Endre Torgersen. – Då må vi spørje oss: Kvifor har vi ikkje meir standardisering på tvers?
Espen Sunde frå Nav avrunda med eit tankevekkande perspektiv:
– Eg trur framtidas kommunar må vere koordinatorar. Det må vere dei som koplar saman, sørgjer for kvalitet og tryggleik – og ikkje nødvendigvis leverer alt sjølve.
Service- og tjenestekonferansen
Kenneth Sangolt skal presentere Nærtenestesenter-prosjektet på Service- og tjenestekonferansen i Bergen, i spor C, 6. november: Framtidens krav til innbyggartjenester. Der vil han gå djupare inn i kva Øygarden har fått til – og kva som står på spel når ein kommune skal vere både kontaktpunkt, koordinator og utviklingsmotor for offentlege tenester.