Spørsmålet om korleis digital valuta kan ha verdi, fører oss fort til dagens offisielle pengar – norske kroner, euro eller amerikanske dollar. Korleis kan dei ha verdi? Desse pengane er jo heller ikkje knytte til noko konkret; ein 200-kronerssetel er berre papir, og om du går til Norges Bank, kan du berre få att ein ny 200-kronerssetel.
Kvifor har Bitcoin verdi?
Kilde: forskning.no

- Det var lettare å forstå verdien av pengar den gongen pengane våre var knytte til gull. Då kunne du gå til banken med ein pengesetel og få ut ei tilsvarande mengde gull, skriv Svein Ølnes. (Foto: Dado Ruvic / Reuters / NTB Scanpix)
Mange har høyrt om Bitcoin, desse merkelege Internett-pengane som på få år har auka frå mindre enn eitt øre til i dag over 50.000 kroner for ein bitcoin. Korleis er det muleg når det ikkje er noko handfast bak, berre programvare med eitt-tal og nullar?