Tekst: Ola Henning Målsnes, Bergen kommune


 

Midt i blant oss

– Eg er sikker på at alle kjenner nokon som ikkje heilt fiksar det å bestille noko eller sende noko på skjermen. Det kan vere eldre slektningar, men det er ikkje berre alder som kan vere årsaka, seier Eva Hille som no skal vere spesialrådgjevar for digital inkludering i Seksjon for digital transformasjon.

Digital inkludering handlar kort og godt om at alle skal vere med. For det er ingen veg tilbake. Me er nøydde til å utvikle fleire digitale verktøy for å få meir ut av ressursane kommunen har til rådvelde. Digitalisering er og til hjelp for å gjere tenestene betre og meir tilgjengelege. Men kanskje ikkje for alle.

Krav på same tenester

– Vi kjem ikkje utanom at det er mange som har utfordringar med å bruke digitale løysingar eller dei manglar tilgang til digitale verktøy. Dei er like mykje verdt som alle andre og har krav på dei same tenestene og til å ta del i demokratiet vårt. Det offentlege må aldri gløyme dette når vi utviklar tenestene våre, seier Hille.

Fagfeltet ho skal jobbe med har ein del til felles med kommunikasjonsfaget. Det handlar om at bodskapen skal nå fram til dei som treng å høyre den. Tenestene må vere visuelt tydelege og universelt utforma. Dei skal vere brukarvennlege og henge saman på tvers av det offentlege Norge.

Gode saman med andre

– Bergen kommune skal lage retningsliner og rettleiarar som hjelper oss til å vere meir inkluderande. Det er eit siktemål å vere skikkeleg gode på digital inkludering. Vi samarbeider tett med offentlege, private og frivillige aktørar som deler dette målet, seier Hille.

Ho har sjølv røynsle frå dette gjennom etableringa av Innbyggerservice. Og har i mange år vore aktiv i Forum for offentleg service.

Dømet Innbyggerservice

– Mange av dei som kjem innom døra til Innbyggerservice høyrer nettopp til gruppa som kjenner på ein digitalt utanforskap. Dei kjem inn med håp om å møte eit menneske som kan hjelpe dei med å få gjort det dei ønskjer, fortel Hille.

For å oppnå digital inkludering skal relevante målgrupper vere med på å utvikle og betre tenestene, slik at løysingane våre òg passar betre til deira behov.

– Eg trur at sjølv om digital inkludering er naudsynt for nokon, vil det tene alle i lengda, seier Hille.