På oppdrag frå Unio har SINTEF i 2023 gjennomført ei omfattande undersøking blant ei rekkje yrkesgrupper. Eit tydeleg funn er at i yrke som arbeider med og for menneske, er det så store emosjonelle krav og belastningar at det er skadeleg for arbeidshelsa.

SINTEF-forskinga viser at  det er stort jobbengasjement og høg grad av yrkesstoltheit  blant yrkesgruppene som er undersøkte: lærarar, barnehagelærarar, sjukepleiarar, politifolk og fysioterapeutar

Paradokset er at trass i at dedikerte yrkesutøvarar likar arbeidet sitt, opplever dei at arbeidet er for belastande. Dette er i høg grad knytt til opplevinga av ikkje å strekke til. Dei maktar altså ikkje å leve opp til eigne og andre sine forventningar.

Les mer.

Kilde: dagensperspektiv.no