– Trygge og gode buforhold er viktig for å bidra til å utjamne forskjellar i levekår og sikre gode oppvekstvilkår for barn og unge, seier Gjelsvik.

Mange kommunar i yter i dag god hjelp til dei som ikkje på eiga hand har moglegheit til å skaffe seg eller behalde ein eigna bustad. Samtidig er det bustadsosiale feltet i lite grad rettsleg forankra.

– Lovforslaget vil bidra til å gjere det tydeleg for kommunane kva plikter dei har, og til at vanskelegstilte på bustadmarknaden får betre informasjon om kva slags hjelp dei har krav på, seier Gjelsvik. 

Lovforslaget gir ikkje enkeltpersonar rett til bustad, men det gir rett til bistand for dei som ikkje sjølv klarer å skaffe seg eller behalde ein eigna bustad. Viktig er òg forslaget om at kommunane må ha oversyn over behovet for bustader til vanskelegstilte, og at dei må ta bustadsosiale omsyn i planlegginga. Dette er ei skjerping i forhold til dagens krav.

Pressemelding Kommunal- og distriktsdepartementet, 17.06.22