Plasseringa er éin plass ned frå i fjor då Noreg i 2022-undersøkinga hamna på ein 10.plass. Ser vi på utviklinga over tid, så ligg Noreg stabilt rundt ein 10.-11. plass.

Tenestetilbodet er stort sett tilgjengeleg digitalt

Det fyrste området tenestene blir testa på er digital tilgjengelegheit. I stort syner undersøkinga at tenestene for det meste er tilgjengeleg digitalt, både i Noreg og i dei andre landa. Dei fungerer som regel på smarttelefonar og nettbrett, og har vanlegvis gode støttefunksjonar, slik som bruk av sider med ofte stilte spørsmål og svar.

Kva gjer vi bra?

Teknisk infrastruktur er eit anna område som tenestene blir testa på. Her kjem Noreg best ut, samanlikna med dei andre landa, med ein 8. plass og ein skår på 91 av 100 moglege poeng. Her blir det testa om dei offentlege tenestene brukar løysingar som digital post, nasjonale eID-løysingar til pålogging og gjenbruk av data som det offentlege allereie har om brukaren. Noreg blir trekt fram som eit av landa som ligg lengst framme («frontrunner») i bruken av eID, saman med blant anna Danmark og Finland.

Les mer.

Kilde: digdir.no