I slutten av januar meldte 400 deltakarar seg på eit webinar om Digital Europe som Digdir, Forskningsrådet og Innovasjon Noreg arrangerte. Webinaret ga ei innføring i det europeiske investerings- og samarbeidsprogrammet innan digitalisering som har ei ramme på over sju milliardar euro.

Det er Digdir, Innovasjon Norge og Forskingsrådet som koordinerer norsk deltaking i Digital Europe. Gjennom EØS bidreg Noreg med 1,9 milliardar kroner, og vi har dei same moglegheitene for å delta i denne storstilte satsinga som dei andre EU-medlemslanda fram mot 2027.

Digital Europe er eit eksempel på at vi gjennom satsingar og initiativ på tvers av grensene kan oppnå meir – saman. Nettopp dette var overskrifta på vårt webinar.

Les mer.

Kilde: digdir.no