Konsekvensen av å bli utestengt frå dei digitale arenaene i samfunnet er stor for den enkelte. Universell utforming skal bidra til at flest mogleg kan delta på digitale arenaer. 

Formålet med målinga er å avdekke digitale barrierar. Målinga famar om nettstader som har store brukarvolum på samfunnsområde som er viktige for likeverdig samfunnsdeltaking. Tilsynet brukar resultata frå målinga til å peike ut verksemder og nettstader som er aktuelle for kontroll (tilsyn).

Risikoområde

Statusmålinga har vist at

  • det ikkje er likeverdig sjølvbetjening på nett
  • fleire innhaldstypar er lite tilgjengelege
  • det er utfordrande å navigere på mange nettstader
  • digitale skjema er vanskelege å bruke
  • ikkje-tekstleg innhald som video og bilde, er lite tilgjengeleg

Funna i målinga kan indikere at

  • offentlege nettstader er meir tilgjengelege enn nettstader i privat sektor
  • mange medienettstader og nettbutikkar er lite tilgjengelege
  • det er vanskeleg å bestille reiser og overnatting

Les mer.

Kilde: difi.no