Digitaliseringsminister Karianne Tung har kunngjort at Noreg skal vera verdsmeister i digitalisering. Skal Noreg bli best i verda på dette feltet, treng me dei beste norske språkmodellane.
Det har vore diskutert om Noreg treng ein exitstrategi for oversjøiske sky-løysingar – altså om me må gjera oss mindre avhengige av digital infrastruktur frå land utanfor EU. Den same logikken bør òg gjelda for språkmodellar. Når me ikkje rår over teknologien, gjer me oss sårbare for sabotasje, openberr og subtil desinformasjon og driftsavvik, og me blir sårbare for politiske endringar i verda. Teknologigigantane får dessutan meir makt over framstillinga og utviklinga av språk, kultur, verdiar og haldningar.
Det må leggjast til rette for alternative norske språkmodellar, og no som det ser ut til å vera realistisk å få laga slike modellar, meiner me at det ikkje er nokon grunn til å venta med å gjera det.
Kilde: sprakradet.no
Annonse: