– Me høyrer ofte at når dei blir sendt frå ei nettside og over til ei anna, så forsvinn dei ut i «intet». Dei forstår ikkje korleis dei skal koma tilbake til den første sida, seier Ingvild Erøy Prestårhus. Ho er ein av stiftarane av selskapet Kakadu, som har fått nærare 3 millionar kroner frå Helsedirektoratet. Målet er å lage ei nettside som skal hjelpe ikkje-digitale å finne fram i nettverda.

I samband med utviklinga av hjelpesida har dei snakka nøye med over 20 ikkje-digitale personar. Det viser seg at mange strevar med å flytte seg mellom forskjellige nettsider.

Les mer.

Kilde: nrk.no