Dei fleste menneske vil i eit livsløp erfare å vere pårørande til ei mor, ein far, ein ektefelle, eit barn eller ein annan nærståande som treng helsehjelp.

Ei nasjonal pårørandeundersøking i regi av Helsedirektoratet (2021), syner at 36 prosent av menneska i Norge er pårørande når ein forstår omgrepet i ei vid tyding.

Vi ønsker å kaste lys over situasjonen til desse «usynlege» hjelparane som helsesektoren er avhengig av. Pårørande yter omfattande omsorg som er viktig å løfte fram i det offentlege rommet i ei tid der knappe ressursar kan føre til at omsorgsoppgåver i for stor grad blir overførte til pårørande.

Les mer.

Kilde: gemini.no