– I eit sunt demokrati må språket til styresmaktene vera forståeleg og tilgjengeleg for alle i samfunnet. Klart språk inkluderer, det styrker demokratiet fordi fleire forstår og derfor får høve til å delta, seier byrådsleiar Roger Valhammer til Kommunal Rapport.

Føremålet med planen

Språkplanen skal handle om korleis Bergen kommune skal bruke, styrkje og utvikle norsk språk. Planen skal innehalde strategiar, mål og tiltak for korleis kommunen skal forvalte ansvaret vårt for norsk språk. Planen skal syte for å vidareføre politikken for å fremje nynorsk. Den nye språklova krev at "Offentlege organ skal kommunisere på eit klart og korrekt språk som er tilpassa målgruppa", og planen skal følgje opp dette lovkravet. Planen skal òg drøfte kva som kan bli gjort for å hindre og dempe at norsk tapar terreng til andre språk, som til dømes engelsk. Planen skal i tillegg drøfte det ansvaret ulike delar av kommunen har for språk, inkludert teiknspråk.

Les mer.

Kilde: bergen.kommune.no, kommunal-rapport.no

Les også: