I 2020 måtte verksemder med kontorarbeidsplassar over natta gjennomføre ein stor omvelting, då om lag halvparten av arbeidsstokken vart tvungne til å arbeide på heimekontor.

Dette vart sett på som ein suksess, og dei nye erfaringane med fjernarbeid vart tidleg snakka om som ein viktig del av framtidas arbeidskvardag. Etter kvart kom fleire skeptiske stemmer på bana, men stemninga for heimekontor var tydeleg positiv.

– Biletet er litt meir nyansert enn det vi i eufori ga uttrykk for i starten av pandemien. Men vi skal ta med oss det fantastiske vi fekk til i den perioden. Det førte oss eit nytt steg i utviklinga av nye arbeidsmetodar, seier Pål Molander, direktør i STAMI.

Pål Molander snakka om heimekontor og fjernarbeid på Entra og Malling & Co sitt webinar ‘Fremtidens arbeidsplass’, 1. mars. Sjå webinaret her.

Les mer.

Kilde: stami.no