Med koronapandemien kom det fleire nye regler og regelverksendringar som gjorde at systema i NAV måtte tilpassast. Særleg viktig har det vore å tilpasse systema som brukast for å handtere dagpengesøknader. Talet på søknader auka betrakteleg under pandemien, og både ordningane og regelverksendringane var midlertidige.

Totalt har dei sendt ut over 2,2 millionar automatiserte dagpengevedtak frå 2020 til august 2022.

Manuell sakshandsaming

– Alle nye søknader om dagpengar må sakshandsamast manuelt, i tillegg måtte sakshandsamarane òg endre manuelt på vedtaka til dei som allereie hadde fått innvilga dagpengar. Vi har difor utvikla ei løysing som gjer at desse vedtaka automatisk vart endra i tråd med nye ordningar og regelverksendringar, seier fungerande leiar for Produktområde arbeid (PO Arbeid), Therese Krohn.

Les mer.

Kilde: nav.no