Innanfor for å hjelpe dei som er utanfor
Inkludering
Kommunen skal vere til for alle. Også dei som ikkje heng med i den digitale utviklinga. Eva Hille har fått jobben med å gje denne gruppa ei stemme. Den mangeårige kommunikasjonsdirektøren i Bergen kommune har fått seg ei ny oppgåve som ho har ønskt seg sterkt sjølv. Ho skal stå i front for eit auka fokus på digital inkludering i kommunen.