Da fristen for å foreslå kandidatar gjekk ut 17. mars, hadde Digdir motteke 24 nominasjonar. Sidan to av kandidatane hadde fått to nominasjonar, står juryen att med 22 kandidatar som dei no skal vurdere.

– Vi har også i år fått inn svært mange gode forslag. Det dreier seg om fleire store og omfattande digitale løysingar, og mange av desse er samarbeidsløysingar på tvers av offentleg sektor, seier juryleiar Olav Skarsbø.

– Viktige sektorar som helse, samfersel og utdanning er representert, og nivået på mange av dei nominerte løysingane er svært høgt, seier Skarsbø.

No er det opp til juryen å blinke ut dei tre finalistane som skal presenterast på Digitaliseringskonferansen. Vinnaren blir stemt fram av deltakarane på konferansen, og overrekkinga av prisen vil skje under festmiddagen på The Hub i Oslo sentrum 31. mai.

Les mer.

Kilde: digdir.no