Fredag 31. mars la Kjerkol fram regjeringa si folkehelsemelding, som er den første stortingsmeldinga statsråden legg fram.

– Det er viktig for meg at folkehelsemeldinga kjem først, for det er folkehelse i alt vi gjer. Vi må styrke grunnmuren i helsetjenesten, og det begynner med folkehelsearbeidet. Vi vil ta grep for at fleire får høve til å leve lange, gode liv med god helse, uansett bakgrunn og inntekt, seier Kjerkol.

Urettferdige skiljelinjer

Statsråden peiker på at folk med høgare utdanning i snitt lever 5–6 år lenger og har betre helse enn dei med kortast utdanning. Undersøkingar viser at ungdom med foreldre med låg inntekt og utdanning oftare slit psykisk.

– Dette er urettferdige skiljelinjer denne regjeringa vil gjere noko med. Det er viktig med breie tiltak retta mot heile befolkninga for å utjamne sosiale forskjellar. Våre grep skal ha størst effekt for dei som treng det mest, men samtidig vere bra for alle, seier Kjerkol.

– Ein effektiv helsepolitikk vil både vere bra for den enkelte, men også bidra til auka berekraft for vår felles helseteneste, seier statsråden.

Eksternt utgreiingsarbeid

Tobakksbruk og usunt kosthald er blant dei viktigaste årsakane til sjukdom og tidleg død, og er ein viktig årsak til sosiale helseforskjellar i Noreg. På kosthaldsområdet vil regjeringa sette i gang eit eksternt utgreiingsarbeid for å finne treffsikre tiltak.

– Utgreiinga skal innehalde forslag til effektive tiltak som kan bidra til eit betre kosthald og utjamne sosiale forskjellar. Vi vil finne dei treffsikre tiltaka som har størst effekt for dei som treng det mest, men som samtidig er bra for oss alle, seier Kjerkol.

– For å skulle lykkast må vi ha fleire tiltak som støtter opp om kvarandre. Med eit samfunn i endring, med nye kanalar for informasjonsspreiing og påverknad, må vi ha nye verkemiddel og forsterke dei vi allereie har. Dette må vi få godt og grundig belyst i ei utgreiing.

Barn og unge

Parallelt med det eksterne utgreiingsarbeidet, set regjeringa i gang eit arbeid for å sjå særleg på marknadsføring av usunn mat og drikke retta mot barn og unge.

Regjeringa trur også at innføring av eit sunt måltid i løpet av skuledagen kan bidra til å utjamne sosiale helseforskjellar når det gjeld kosthald og helse.

– For å få ei vellykka innføring av dette på sikt, er det viktig å bruke kunnskap og erfaringar frå både skular, skuleeigarar, elevar og føresette. Det legg regjering opp til no, fortel Kjerkol.

Ny tobakksstrategi

I folkehelsemeldinga presenterer også regjeringa sin nye tobakksstrategi.

– Vår visjon er ein tobakksfri generasjon, og vi ønsker å legge til rette for at barn født i 2010 og seinare blir gitt høve til dette.

– Barn og unge er ein hovudprioritet. Barn bør vere beskytta mot å bli avhengig av tobakk og helserisikoane det fører med seg, seier Kjerkol.

E-sigarettar og private bilar

Regjeringa vil innføre røykeforbod i private bilar kor barn er passasjer, på utandørs leikeplassar, idrettsområde og haldeplassar, samt fellesareal i leilegheitskompleks. 

Regjeringa vil også innføre forbod mot nettsal av tobakksvarar og e-sigarettar for å hindre sal til mindreårige og få betre kontroll på kva produkt som blir innført frå utlandet. 

Regjeringa innfører også standardiserte innpakkingar og forbod mot smakstilsettingar for e-sigarettar.

Les mer.

Kilde: regjeringen.no