Pressemelding | Dato: 02.02.2024


 

– Nye teknologiar fører med seg store endringar og vi må henge med i svingane. Vi vil mellom anna bruke éin milliard kroner på forsking på kunstig intelligens (KI) og digital teknologi dei neste fem åra. Vi er avhengige av god kunnskap om korleis nye teknologiar vil endre kva arbeidsoppgåver vi har, og korleis vi løyser dei, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Kompetansebehovsutvalet har i oppdrag å gjere den best moglege faglege vurderinga av Noregs framtidige kompetansebehov. Vurderinga skal danne grunnlag for planlegging og strategiske kompetanseavgjerder – for både styresmakter og arbeidslivet, regionalt og nasjonalt.

– Eg er glad for at partane og leiande forskingsmiljø no skal sjå heilskapleg på korleis dei nye teknologiane påverkar kompetansebehovet i framtida, seier Hoel.

Utvalet blir utnemnt for to år av gongen. Utvalsleiar er Sveinung Skule, direktør for Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, og både partane i arbeidslivet og forskarar deltek.

Kompetansebehovsutvalet har i 2024–2025 følgande medlemmer:

  • Direktør Sveinung Skule, Bærum (utvalsleiar)
  • Spesialrådgivar Bente Søgaard (YS), Oslo
  • Fagsjef Eli-Karin Flagtvedt (Unio), Ullensaker
  • Kompetansedirektør Are Turmo (NHO), Oslo
  • Spesialrådgivar Ingrid Paaske Gulbrandsen (Spekter), Oslo (ny)
  • Spesialrådgivar Eva Margrethe Kvalvaag (KS), Oslo (ny)
  • Sjefanalytikar Runar Wiksnes (Virke), Bærum (ny)
  • Assisterande generalsekretær Christine Meling (Akademikerne), Bærum
  • Avdelingsnestleiar Liv Sannes (LO), Oslo
  • Kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken (Møre og Romsdal fylkeskommune), Rauma (ny)
  • Prorektor Pinar Heggernes (Universitetet i Bergen), Bergen (ny)
  • Dekan Leif Skiftenes Flak (Universitet i Agder), Grimstad (ny)
  • Forskingsleiar Hans Yngvar Torvatn (Sintef), Trondheim
  • Professor Gunnar Hartvigsen (Universitetet i Tromsø), Tromsø (ny)
  • Forskar Erling Barth (Institutt for samfunnsforskning), Oslo (ny)
  • Professor Torberg Falch (NTNU), Trondheim

Utvalet har 15 medlemmer, med følgande samansetning:

  • Direktøren for Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (utvalsleiar)
  • Hovudsamanslutningane: NHO, Spekter, Virke og KS frå arbeidsgivarsida og LO, Unio, Akademikernearane og YS frå arbeidstakarsida. Totalt åtte medlemmer
  • Analytikar/forskarar. Totalt seks medlemmer
  • Ein representant frå fylkeskommunane

Oppgåvene til kompetansebehovsutvalet:

  • Analysere og vurdere tilgjengeleg kunnskapsgrunnlag og gi den best moglege faglege analysen og vurderinga av det framtidige kompetansebehovet i samfunnet, under dette vurdere evna utdanningssystemet har til å dekke dette behovet.
  • Få fram ein analyse og vurdering av framtidige kompetansebehov både på kort, mellomlang og lang sikt.
  • Legge til rette for og stimulere til open dialog og diskusjon om kompetansebehovet i samfunnet med ulike interessegrupper og i samfunnet elles. Utvalet skal synleggjere innspel frå arbeidslivet.
  • Gi minimum ein hovudrapport annakvart år. Utvalet kan etter eige initiativ løfte fram problemstillingar som gjeld kompetansebehov i eigne rapportar, artiklar eller andre dokument.
  • Gi sine vurderingar av HK-dir sine årlege oppdateringar av kunnskapsgrunnlaget om kompetansebehov i form av eit kort notat.
  • Arbeidet og leveransane frå utvalet skal vere relevante for nasjonale og regionale styresmakter i utviklinga av kompetansepolitikken, under dette dimensjonering av utdanningssektoren.

Tidlegare leveransar frå Kompetansebehovsutvalet: