Olaug Nilssen: – Familiar i krise må få kjenna at dei blir sette og høyrde
Kommunikasjon og klart språk
Det låg eit stille alvor over salen då Olaug Nilssen gjekk opp på scena under Klarspråk 2026. Mot slutten sat fleire med tårer i augo. Forfattaren snakka ikkje berre om språk. Ho snakka om sorg, motstand, skam, erkjenning – og om korleis ord frå det offentlege kan treffe menneske som allereie står i alarmberedskap.




