• Tid: Tysdag 23. juni kl. 13:00 – 15:00
  • Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg, Parkveien 45 i Oslo
  • På nett: Følg strøyminga av møtet

Då Noreg blei stengt av koronapandemien, fekk vi oppleve at vi er avhengig av internett og digitale tenester. Heile samfunnet snudde seg rundt og digitaliserte i rekordfart. Men pandemien har også store negative verknader for norsk økonomi.

Statsråden inviterer 20 toppleiarar og gründerar for å få innspel til korleis næringslivet kan tilpasse seg nye tilhøve slik at vi kjem styrkt ut av krisen.

Sjå innleinger frå statsråd Linda Hofstad Helleland, konsernsjef i SINTEF Alexandra Bech Gjørv og avdelingsleiar og prosjektleiar for NHO sitt Veikart for framtidas næringsliv Per Øyvind Langeland.

Media er velkomne til møtet. På grunn av smittevern, ber vi om at journalistar melder seg på innan utgangen av måndag og tar med gyldig legitimasjon og pressekort.

Deltakarar

Alle deltakarane gir korte inspel. Desse deltar på møtet:

Sondre Eide, Eide Fjordbruk
Ole Daniel Nitter, Dignio
Trond Kathenes , Grieg Seafood
Ove Gjesdal, Visit Lillehammer

Linda Skipnes Strand, Bædi & Børdi
Liv Dingsør, Digital Norway
Fredrik Gullowsen, Nyby
Geir Molvik, Cermaq

Kristil Erla Håland, Jodacare
Karen Dolva, No Isolation
Kjetil Meisal, ONIO
Ketil Widerberg, Oslo Canser Cluster

Ove Fredheim, Telenor
Max Tangen, 7Sense Products
Bjørn Arild Wish, Nordic Choice Hotels
Rasmus Ramstad, The Viking Planet

Arash Saidi, Kindly
John Markus Lervik, Cognite
Karl Martin Lind, Eyr
Bjørn Iversen, Landbrukets Dataflyt

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00