Seniorrådgivar Tone Bringedal (f.v.), statsråd Linda Hofstad Helleland og digitaliseringsdirektør Steffen Sutorius under opninga av ressurssenteret for deling av data. Foto: Digitaliseringsdirektoratet

Statsråden opna ressurssenteret i Digitaliseringsdirektoratet 21. september. Etableringa av ressurssenteret er eitt av tiltaka i digitaliseringsstrategien "Ein digital offentleg sektor"

Ressurssenteret skal bidra med spisskompetanse på samanhengen mellom juss, teknologi, forretnings- og forvaltningsprosessar og vere eit læremiljø og kompetansebank for heile offentleg sektor.

– Vi produserer stadig meir data, og måten vi utnyttar data på, er i endring. Men nokre gonger blir datadelinga utfordra av lite tverrfagleg samarbeid og eit komplisert og lite digitaliseringsvennleg regelverk. Det skal ressurssenteret bidra til å gjere noko med, seier Helleland.

Les mer.

Kilde: digdir.no