Årets trekkhund kommer fra Meløy

Juryens begrunnelse:

"Utmerkinga «Årets trekkhund» går til ein person som har gjort ein spesiell innsats i klarspråksarbeidet i stat eller kommune. Det er femte gongen denne utmerkinga blir delt ut.

Årets trekkhund har eit smittande engasjement og får med seg andre gjennom bruk av humor og framsnakking. Med enorm kapasitet har ho oppnådd mykje utan eit stort nettverk rundt seg. Ho har jobba breitt og sett i verk gode faglege tiltak. Eitt av prosjekta hennar som andre kommunar kan dra nytte av, er arbeidet med å finne gode namn til ulike kommunale titlar og einingar.

Kvar månad har ho arrangert skriveverkstader, og ho har sjølv stått bak språkarbeidet i kommunen. Ho har utarbeidd både språkprofil og kommunikasjonsplan for kommunen, og endra oppbygginga av budsjettdokumenta. Ho har delt erfaringar, henta inn kunnskap og bygd godt samarbeid med andre fagfolk.

Årets trekkhund dreg med seg eigne kollegaer, men ho trekkjer også med seg andre utanfor eigen organisasjon. Juryen meiner det er ekstra gledeleg at kandidaten kjem frå Nord-Noreg, og håpar ho kan vera til inspirasjon for andre eldsjeler i landsdelen.

Utmerkinga «Årets trekkhund 2018» går til Connie Slettan Olsen i Meløy kommune."

I sin takk la Connie vekt på at en trekkhund trekker best i lag med andre hunder.

Årets pris for kommuner og fylkeskommuner

Juryens begrunnelse:

"Det er tredje gongen Kommunal- og moderniseringsdepartementet deler ut ein eigen klarspråkspris for kommunesektoren. Prisen går til ein kommune eller fylkeskommune som har lagt ekstra vinn på å bruke eit klart og godt språk.

Årets vinnar er ein kommune som har arbeidd langsiktig og systematisk, som har høge ambisjonar og eit stort engasjement. Kommunen har lagt ein plan og følgt han. Klarspråk er integrert i alle einingar, og kommunen er i ferd med å endre heile kulturen. Her får ikkje berre nytilsette, men også politikarar kurs i klarspråk. Dette gjer at språkarbeidet er forankra også utanfor den administrative leiinga.

Nettsidene til kommunen er enkle å bruke. Nødvendig informasjon ligg lett tilgjengeleg på sidene, og brukarane får svar på spørsmåla sine utan å leite. Kommunen har arbeidd grundig og gjennomført med vedtak og standardbrev, og juryen fekk ei wow-oppleving av å sjå kor godt desse tekstane fungerte.

Juryen er imponert over at ingen i kommuneadministrasjonen har måtta bli frikjøpte for å kunna arbeide med språk. Kommunen har fått mykje ut av lite. Juryen lét seg sjarmere av prosjektet HÆ?, der målet er at det skal bli mindre «hæ» i Hå.

Klarspråksprisen for kommunar og fylkeskommunar går til Hå kommune."

Årets pris for staten

Juryens begrunnelse:

"Kvart år sidan 2009 har Kommunal- og moderniseringsdepartementet delt ut prisen til eit statsorgan som gjer ein ekstraordinær innsats for bruke eit klart og brukarvenleg språk. Tidlegare juryar har merka seg at nivået stadig har vorte høgare. Også i år var det fleire gode kandidatar. Juryen ynskjer å gjeva heiderleg omtale til Sjøfartsdirektoratet og Arbeids- og velferdsdirektoratet (Nav).

Dei som tek imot brev frå årets vinnar, er ofte i ein krevjande livssituasjon. Vedtaka kan vera avgjerande for dei det gjeld. Vinnaren har sikta seg nøye inn på målgruppene sine, og har gjort seg gode refleksjonar anten dei skriv til advokatar eller mannen i gata. Årets vinnar kan kunsten å formidle komplisert juss på ein enkel måte.

Eit godt bokmål er truleg det viktigaste for dei fleste brukarane, og vinnaren må bruke ein del midlar på å omsetja tekstar til andre språk. Vinnaren nyttar begge målformer på nettstaden, men juryen vil oppmode vinnaren til å nytte meir nynorsk.

Det er tydeleg at arbeidet med klarspråk har vore høgt prioritert. Arbeidet er forankra i leiinga, og resultata kan dokumenterast. Vinnaren har organisert arbeidet godt, og det har ein høg fagleg standard. Nettsidene er enkle og brukarvenlege. Språket på nettstaden er gjennomarbeidd, og video blir brukt på ein god måte. Alle teksttypar har eit klart språk, blant anna har over 60 brevmalar blitt gjennomgått og forenkla. Vinnaren sitt arbeid med klarspråk kan vera ein modell og eit føredøme for andre organ i staten.

Klarspråksprisen for staten går til Utlendingsnemnda."