Krav til søknader

Ei statleg verksemd må stå som søkjar, andre kan vere samarbeidspartar. Total prosjektkostnad må vere mellom 5 og 100 mill. kr. Prosjektet må vere ferdig med konseptfasen, men ikkje vere kome i gjennomføringsfasen. Prosjektet må vere samfunnsøkonomisk lønsamt. Før ein kan få endeleg tilsegn om midlar, må det utarbeidast ein forpliktande gevinstrealiseringsplan.

Dersom tiltaket vedkjem kommunane, skal KS involverast i utarbeiding av søknaden så tidleg som mogleg. KS skal ha frist på minimum 2 veker på å uttale seg, og uttalen skal følgje søknaden.

Nærare om krav til søknaden finn de i Retningslinjer for ordninga fastsett av KMD 20. januar 2020. NB - det kan kome endringar i retningslinene for 2021.

Les mer.

Kilde: digdir.no