Digitaliseringa skal gi ein enklare kvardag og betre tenester til befolkninga, og både NAV og andre offentlege etatar digitaliserer interaksjonen og tenestene til brukarane. FoU-midlane våre skal bidra til at denne utviklinga er kunnskapsbasert, og eit av satsingsområda for midlane er samhandling med brukarane. Denne litteraturgjennomgangen frå SINTEF gir både ei oppsummering av forsking på temaet digitalisering av interaksjon med brukarane, og ei vurdering av kva vi manglar kunnskap om.

Eit overordna funn frå litteraturgjennomgangen er at digital interaksjon ikkje erstattar ansikt-til ansikt-møter, men at dei ulike formene for interaksjon utfyller kvarandre. Posisjonen ansikt-til-ansikt-interaksjon har står sterkt, og endrar seg ikkje nødvendigvis ved å innføre digitale kontaktflater.

Les mer.

Kilde: nav.no

Dette blir ett av temaene på årets servicekonferanse, som arrangeres 4.-5.11 i Drammen.